
Det har auka på med rev på Huglo, og at «luringen» gjer skade og tek av dage småvilt, fuglar og også pusekattar er heva over ein kvar tvil. Det blir no teke til orde for å gjenninnføra skotpremie på skadedyr i kommunen. I den samaheng har Stordront.no stilt Landbruksfagleg leiar i Stord kommune, Aase Rygg Nøttveit nokre spørsmål, som me har fått skriftlege svar på:
– Kvifor, og kva tid, vart det slutt på skotpremie på skadevilt i Stord?
– Eg har ikkje funne dokumentasjon på dette, men eg er informert om at det var skotpremie på mink på begynnelsen av -90 talet. Antar at det var eit politisk vedtak om å avvikle dette.
– Kva skal til for å få skotpremie innført igjen?
«Skuddpremieordninger kan bare fastsettes for viltarter som har jakttid, og som gjør skade. Fastsetting av skuddpremieordninger skal godkjennes av kommunen». Jfr. Viltressursloven § 52.
Fylkeskommunen skal gi uttale til framlegg, går det fram av regelverket.
Frå 2014 har kommunen hatt delegert fullmakt til å innføre/vedta lokal forskrift om skotpremie.
Innbyggjarar må melda inn grunngjeve behov/ynskje om å innføre skotpremie i kommunen. Skadeomfanget av arten vil vere med i vurdering av oppstart til utarbeiding av lokal forskrift for Stord. Innføring av lokal forskrift er eit politisk vedtak.
– Andre stader enn Huglo, det er sett rev siste åra?
– Kommunen har ikkje kunnskap om observasjon av rev andre stader på Stord, enn på Huglo. Ryktet om rev på SIM sitt anlegg er sjekka ut. SIM bekrefta at dei ikkje har nokon kjennskap til observasjon av rev på sitt anlegg.
