
Tysdag 25. august klokka 11.00 opnar Senioruniversitetet haustsemesteret med Aldringsoptimist Eva Marie Halvorsen sitt kåseri: «Har vi reklamasjonsrett på livet?»
Eva Marie Halvorsen er pensjonist, farmor, mormor og student ved Universitetet i Bergen. Ho er utdanna sjukepleiar og har embetseksamen i sjukepleievitskap.
For det meste har ho arbeidd med å utdanna sjukepleiarar ved Avdeling for helsefag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, no ein del av Høgskulen på Vestlandet. Ho har også vore aktiv lokalpolitikar i 20 år, og ho er engasjert i ulike frivillige organisasjonar.
I kåseriet vil ho dela nokre tankar om det å bli pensjonist og om det å bli gammal. Med mykje humor og litt alvor vil ho formidla korleis me kan eldast med begeistring.
Vel møtt i Bømlo kulturhus på tysdag til denne vitamindosen me eldre no treng til me skal møta hausten og vinteren.
Helsing Styret
