
Det heiter seg at det ikkje er rev i Stord kommune, men det er ei sanning både fastbuande og gjester til Huglo ikkje trur på lenger. Etterkvart er det blitt meir regelen enn unnataket at det blir meldt observasjonar av rev.
Søndag måtte tre bilar stoppa for ein kvilande revunge på ein gardsveg på Nordhuglo. Han hadde det på ingen måte travelt med å flytta seg. Låg i ro til fotoseansen var over, og lunta roleg frå staden.
– No er det i meste laget med rev på øya vår, seier Endre Caldwell. Han er jamt på tur med jakthunden i huglanaturen og har sett mange revar, og meiner å ha funne årsaka til at skadedyret finn seg vel til rette over heile øya.
– For 5-6 år sidan oppdaga me jordrotter, omtalt som vond, for første gong. Den oppdaging gjorde reven også, som med vondane er sikra sikker føde. Men diverre er det ikkje slik at reven berre tek desse rottene. Me snakkar om eit rovdyr som forsyner seg grovt av andre dyr og fuglar. Også kattar, fortel Caldwell til Stordront.no.
Han ser gjerne at kommunen tek opp spørsmålet om det igjen bør innførast skotpremie på skadedyr og skadefugl. Tidlegare tider vart det betalt 500 kroner for ein rev, 50 for mink og ravn og 25 kroner for kråke.
