
I Stord kommunestyre sitt møte torsdag 18.juni 2026, informerte ein utsending frå Vestland fylkeskommune om framtidige hendingar kring kollektivtrafikken til/frå Leirvik. Det vart snakka om mogleg ferjestø/cruisekai i Djupavikjo og om kollektivknutepunket for buss som er teikna inn på Bandadalsplassen. Begge tiltak i nær tilknyting mellom fylke og kommune, i alle fall på planstadiet. Den nye buss-terminalen virka som eit «sikkert kort» Om ei stund. Mykje meir usikkert er det med nytt ferjestø nokre 100 meter utfor Moloen, faktisk så usikkert at det igjen kan bli aktuelt å kika på ferjelendingsplass meir nordover Nuen (Kvednanes/Sævarhagen) .
– Kva med å få attende ferjestøet i Leirvik? Det var tanken som slo inn, i lyset av at Ventekaien får mykje ledig rom når bussane flyttar til nye-terminalen. Det er snakk om å tena eitt ferjesamband, til Kvinnherad og då er kanskje eit par av dei gamle ventefilene alt ein har trong for? Annleis enn slik det var fram til 16. mai 1983. Frå støet i Leirvik gjekk ferjer til Utbjoa, Fjelberg, Valevåg og Moster i tillegg til Halsnøy/Sunde fram til trafikken vart flytt till Skjersholmane..
Med noko meir fart i maskineriet om bord og overfart, Leirvik – Ranavik, kan det bli mogleg å henta inn dei 10 minuttane reisetid som er grunnlaget for diskusjonen om nytt stø på Stordsida.
Ster.
