Fekk godversvinduet dei trong

Med graskuttar både fram og bak. (Foto: Steinar Hystad)

Eit par tre dagar med opplett og god vind, var det som skulle til for å få førstelåtten i ball. Frå dei tre mjølkelbruka på Huglo (dei einaste i bransjen i Stord kommune no), kan det meldast om greie foravlingar og hundrevis av rundballar klare til lagring.

Grunna store mengder nedbør siste i mai og først i juni, kunne slåtten i år først takast tre veker seinare enn i fjor. Effektiviseringa i landbruket er ein god medspelar i slåttejobben. Ttraktoren med to graskuttarar tilkopla, lagar «gater» vel seks meter breie, og då går det snøgt å leggja ned graset på store bøar.