Ikkje konkrete planar om trafikksikring

Spør om kommunen har planar for fortau på denne skulevegen. (Foto: Steinar Hystad)

I Stord kommunestyre torsdag, stilte representanten Knut Eide Løkhammer (Venstre) tre  spørsmål om  trafikksituasjonen til/frå Hystad skule på Håvåsenvegen.  Her er svara han fekk:

Spørsmål 1: Har kommunen planar om å iverksette trafikksikringstiltak på vegen, som del av utbedring av infrastruktur i området eller som eget tiltak?

Svar: Det ligg ikkje nokon plan om å iverksette trafikksikringstiltak i dette området pr no. Kommunen sin vegnorm må handsamast og så snart denne er ferdig utarbeid, vil ein ny samla trafikksikringsplan som gjeld heile kommunen for dei neste 4 åra leggjast fram til politisk handsaming. Alle innspel vert prioritert ut frå alvorsgrad og kva økonomi som vert løyvd for tiltaka.

Spørsmål 2: Kva er status for Hjartesone rundt skulane?

Svar: I samband med at det vart vedteke at ein ny sjukeheim skal byggjast ved Tjødnalio så vert arbeidet med Hjartesone der samkøyrt med det pågåande reguleringsarbeidet der. Dette er det einaste prosjektet for hjartesone som er planlagt i perioden. Det vart i si tid løyvd 1.000.000 frå fylkeskommunen for dette prosjektet. Desse midlane er tilgjengeleg i år og kan på nytt søkast flytta til neste år om det ikkje vert ferdigstilt. Tida er ikkje på vår side i dette prosjektet og ein må sjå kva midlar fylkeskommunen løyver i 2027 om prosjektet ikkje ferdigstillast i år.

Spørsmål 3: Det har tidlegare vore problem med hekk mm. som gjer gang- og sykkelveg uoversiktleg, har kommunen sett over skulevegane mtp trafikktryggleik no på våren?

Svar: Tekniske tenester har fast rutine at skulevegar og langs busstraseane prioriterast når kantslått startar. Det vil i år som tidlegare år varslast om at kantslått startar og at alle må utføre klypp av eigne hekkar som grenser mot veg og sykkelvegar. Varslinga skjer på kommunen si heimeside, i Bladet Sunnhordland og der ein ser at klipping ikkje vert utført vil ein leggja eigne brosjyrar i postkasse.