Det er ei stor glede å presentere årets teltprogram. Me håpar og trur det vil treffe mange, og at me får nok ein strålande sommar i lag på Leirvik torg!

Teltesesongen startar 29. mai med den strålande bergenske standupar’en Christoffer Schjelderup. Han tek med seg suksessframsyninga Tenker Tanker, som har spelt for fulle hus på Ole Bull Scene, og blitt sett av over 14 000 publikummarar. Etterpå blir det show med trudabur Tom Wagtskjold. Fitjarbuen har eit svært variert repertoar, med stor allsongfaktor, og lovar å lage skikkeleg halloi i Sommarteltet!
The Botten Is Nådd har i mange år spela kortreist og berekraftig musikk til stor glede for eit større og større publikum. I eit forsøk på å toppe suksessen, medan dei framleis er førlege og nokolunde medvitne, har dei sydd saman ein heilaftans repertoar der publikum får servert ingenting mindre enn ein «Mods & Bjørn Eidsvåg monsterhitparade». 30. mai og 5. juni blir det altså ein vestlandsk fest i norsk språkdrakt, der publikum garantert kan alle tekstane og er invitert til å syngje med for full hals.
Songlaget Stordabuen er attende – og denne gongen i teltet på torget, 6. juni! Etter suksessen med «Raidet mot Stordø Kisgruber» i fjor haust, inviterer det populære koret til ein ny, sprudlande korkonsert – full av kjende og kjære poplåtar frå dei siste 50 åra. Sjølvsagt med fullt band! 75 songarar på scenen og i tillegg Valestrand Mannskor som gjesteartistar!

12. og 13. juni blir det Country Music Fest m/ Josh Gallagher, Jake Tankersley og Magnus Bokn. Josh Gallagher frå Pennsylvania er standhaftig, sympatisk og skamlaus, og haustar ros frå blant andre Rolling Stone Magazine, i tillegg til nokon av countrymusikkens største heltar. «This kid», sa Garth Brooks om Gallagher, “as soon as he opens his mouth — you believe him.”
Jake Tankersley vaks opp i Sand Springs i Oklahoma. I svært ung alder utvikla han ein stor kjærleik til musikk, og særleg til Johnny Cash, Roger Miller og Elvis Presley. I 2024 fekk han ein «4 Chair Turn» i The Voice, der han kom heilt til Playoffs. Snoop Dogg var coachen hans først, og deretter Gwen Stefani.

Magnus Bokn er oppvaksen i Stavanger, og som 16-åring deltok han i TV 2 si talentkonkurranse Idol, der han nådde semifinalen. Han deltok i same konkurranse to år seinare, og sidan i The Voice i 2017. I sistnemnde konkurranse framførte han Cyndi Lauper sin «Girls Just Want to Have Fun», som seinare har hatt over 3,5 millionar strøymingar på Spotify og YouTube. Innspelinga vart dessutan tildelt ein 19. plass i den internasjonale talentkonkurransen Olympics of Singing.
19. juni inviterer Foreininga Samhald i Sunnhordland og Bakeriet Frugård til artistdugnad i Sommarteltet. Overskotet for kvelden skal gå til velferdstilbod for menneske med rusutfordringar i Stord kommune. I samarbeid med kommunen vil foreininga etablere ulike prosjekt som skal bidra til å glede dei som treng eit avbrekk i kvardagen. Foreininga vil forvalte midlane til prosjekta er gjennomførte. Me håpar også at lokale bedrifter vil vera med og bidra!
Husbandet for kvelden er Endre Olsen, Jørgen Sandvik, Anders Bitustøyl og Hans-Olav Molde. Dei vil invitera med seg lokale artistar, og sørge for at stemninga i teltet blir euforisk. Kven veit, plutseleg kjem det ei overrasking også? Samhald i Sunnhordland, Bakeriet Frugård og husbandet håpar du har lyst til å vera med og gjera dette til ein suksess! Klangboltane klare som gjester, og fleire blir slepp fortløpande.

26. juni blir det fotballfest med VM-kampen mellom Norge og Frankrike på storskjem. Her er det
gratis inngang og førstemann til mølla!
Far og son-duoen Marius & Farius er klare for å skape magi igjen når igjen inntar Sommarteltet på Stord, 20. og 27. juni! Med eit unikt samspel, ekte speleglede og ein sjarm som treff midt i hjartet, har Marius & Farius blitt eit av dei mest ettertrakta namna i Sunnhordlandsregionen. Dei fyller hus og hjarte overalt der dei spelar – og denne gongen blir garantert ikkje eit unntak. Publikum kan glede seg til ei uforgløymeleg stemning med både allsong og dans, der favorittlåtane kjem som perler på ei snor. Det er ikkje utan grunn at Sommarteltet har vore fylt til randa dei siste tre åra! Sikra deg billettar no for du vil ikkje gå glipp av denne festen!
Espen Abrahamsen har på rekordtid slått seg opp som ei av dei mest markante stemmene i norsk standup. Med opptredenar på landets største scener – og ein stil som glir elegant mellom sylskarpe poeng, treffsikker satire og elleville historier, har han blitt ein publikumsfavoritt over heile landet. Du har kanskje sett han i 71° Nord på TVNorge eller Forræder på TV 2, på VGTV der han leverte den hylla standupspesialen «Legende», eller i Latter Live på NRK.
Men han er aller best når han står på scenen, åleine med ein mikrofon! 3. juli kan du oppleve han på Leirvik torg, og etterpå blir det show med trudabur Tom Wagtskjold.
Sommarteltsesongen 2026 avsluttast med ein real, lokal rockekveld. d’accorD er stadfesta, og det kjem to supre band til.
