
– Mange kjente ansikt her, skriv innsendaren av dette biletet av Stord Songlag, truleg teke ein gong på 1960-talet. Stødig dirigent i mange år var Agnes Kyvik, og Ungdomshallen var fast øvingslokale fredagskveldane.
– Dei hadde nok eit anna repertoar enn dagens kor, men dei hadde det veldig kjekt og sosialt saman, skriv innsendaren.
