Trengst også kuppel

På toppen av Torgbakken, ja. (Foto: Steinar Hystad)

Når den «rette instans» sender ut mannskap for å fiksa opp og få lys i mørklagde lyspunkt kringom i sentrale strok av Stord kommune, føler denne nettstad for ei ekstra påminning:

På toppen av Torgbakken, utfor dørane til butikken Genie, er det ikkje berre ei ledpære som manglar, der er også sjølve kuppelen vekke. Vonleg noko som kan ordnast – før sommartida igjen set inn støyten og gjev oss naturleg kvelds- og morgonlys.