Ny benk på fin kvileplass

Her kan ein kvila og eta nista – og samstundes nyta fint utsyn. (Foto: Steinar Hystad)

Mange er turgåarane som no sender takkens tankar til  «Gutta på tur» og Sparebanken Vest som har utplassert ny universelt utforma rasteplassbenk  ved Ådlandsvatnet.  Benken står der  gangvegen frå Kattatveit møter gangvegen langs vassdraget, ein alle tids plass med alle tiders usyn over vatn, skog og fjell.  Stordront.no er noko usikker på det hundre prosent rette stadnamnet –  Knutsastranda eller er det Lønningsstranda?.

Jo, det stod ein liknande  rasteplassbenk der tidlegare,  men den vart boren ut på næraste halvøy og er sidan blitt borte vekke.  Måtte nyebenken få står på sin post.  Så takkar me tur-gutane og banken for gåva til vårt fells beste.