Oppreiste skilt på Heio

Etter eit par tre formiddagstimer var skilta godt plassert på Heio. Frå venstre Stein Kyvik og Eirik Junge. (Foto: Svein A. Birkeland.)

Tre staute karar fra Stord – Fitjar turlag har for 3. gong reist opp att informasjonstavlene ved parkeringsplassen på Heio. Vinden der oppe kan vera ganske så kraftig, og storleiken på dei tre skilta utgjer nokre kvadratmeter med godt vindfang. Men no håpar ein at dei er godt festa, og laget har planer om meir støtte i framkant før hauststormane tek til. Det heile vart avslutta med minst to strøk med beis på treverket.

Blir elles meldt om 12 – 14 bilar på Heio denne kvardagen, og jamvel svenskar spurde om tips for turen til Kattnakken.