Parken klar for sesongen

Den idylliske parken, med kjempeutsikt til Vikafle, er klargjort til ny sesong.(Foto: Steinar Hystad)

Parken, idyllen på toppen av Leirvik, er fjelga og klargjort for ny sesong. Alt arbeid gjort på dugnad av  ihuga medlemer av venelaget.

– Står att å beisa  dei nyaste benkene, men elles skulle det vera i orden, opplyser  mangeårig leiar av laget, Reidar Lunde. Og legg til:

– Så langt er det «booka» to arrangement.  Den tradisjonelle ettermiddagssamkoma 17. mai og  så blir det Allsong i Parken, under leiing av Lorentz Kanneløning og  Øystein Olsen søndag 9. juni, der mellom andre Demenskoret blir med.

– Toalettet som ein gong vart lova til Parken,  er det framleis på ventelista?

–  Venelaget gjorde ein framstøyt for å få toalett på plass for nokre år sidan, og henta inn kostnadsoverslag. Når det blei snakk om nokre hundre tusen kroner, fann me det lurast å «leggja toalettballen død».  I staden har me ved større tilskipingar fått avtale med  museet og kommunen som eigar av «leikehytta» om å få opna hjartedører der i «påkomande tilfelle», fortel Lunde til Stordront.no