Aktivitetsdag på Campus Stord

Strålande ver og god stemning på aktivitetsdag nummer 30 på Høgskulen, Rommetveit.

Av Mari Stenberg / Foto: Marit Kulild

Torsdag 25. april var det duka for den årlege aktivitetsdagen for menneske med yrkeshemming og funksjonsnedsetting på Høgskulen på Vestlandet camp Stord. Aktivitetsdagen i år blei arrangert for 30.gong og det blei markert med talar frå både ordførar og tilskipar. Arrangøren for årets aktivitetsdagen var studentar på andre året ved grunnskulelærarutdanninga.

Dei 104 deltakarane kom frå kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes, og var med på ulike aktivitetar på Høgskulen sin fotballbane og i skulehagen. Det var felles oppvarming til «blime» songen, Deretter fekk deltakarane prøva seg på øvingar som kims leik, kortstafett, bowling og leik med fallskjerm. Det blei servert lunsj og dagen slutta av med utdeling av diplom og medaljar for flott innsats.

Alt i alt ein kjekk dag i strålande ver og mykje god stemning.