Utfordring på turvegen

Framleis ein del slik glatte parti å forsera i  turskogen vår. (Foto: Steinar Hystad)

I god tru på snø- og isfritt underlag, var det mange som la turen til skogs i nyårshelga – der ei av dei spennande opplevingar nokså uventa vart «skamglatte» parti. Isbelegg i smeltemodus, (når det ligg litt vatn oppå isen) over heile vegbreidd i lett motbakke etter motbakke, sette sterke krav til forsiktig gange.  Same om du gjekk  Skjephaugsvegen, Eventyrvegen, mot Landåsvatnet og vidare mot Studalen eller Lønning.

Eller langs Ådlandsvassdraget, eller innover mot Røyrtjødno.   

Dette til orientering.