Slike dagar er det berre å nyta skihøvet

Sjeldan fint i  Kattnakkområdet nest siste dagen i 2023. (Foto: Privat)

Nest siste dagen i 2023 glir inn i den  lokale vèrsoga som aldeles strålande; – Med  (låg) sol frå skyfri himmel, vindstille og eit snøkledd Stordafjell som formeleg ropa på dei som likar å ta seg fram med ski og stavar. For ikkje å seia opp og fram, sidan vår lokale fjellheim ein gong vart skapt som eit opp –  og ned att –  turområde. Mange nytta skihøvet, flesteparten i dei nedre regionar Heio – Lundarstøl, men det var også ein del som laga seg løype til topps og fekk seg ein drøymedag i heilkvitt lende.