Inga breidde «å gå på» – då kan det gå slik

Slik kan det gå – når det ikkje er breidde «å gå på». (Foto: Steinar Hystad)

Det er først når ein kjem bak ein normalt stor lastebil, mjølketankbil eller SIM-bilen, at ein med eigne auge får sett kor smal fylkesvegen over Nordhuglo eigentleg er.  Større bilar har breidde som krev  all plass mellom dei kvite  kantstripene. Den som er på gåtur og møter desse doningane, gjer lurast i å trø ut av vegbanen når bilen passerer.  Det er ingen ting å «gå på». På glatten nyleg, gleid ein  SIM-bil i grøfta, der var det  blautt og uråd å få bilen opp med eigne krefter eller traktorhjelp. Stor bergingsbil måtte rekvirerast og store deler av dagen var einaste samferdslelina over øy sperra for gjennomgåande trafikk.

John Nesse ved fylket si vegavdeling på Vabakkjen sit med planar for utbygging av fylkesvegane i regionen, og må seia diverre og nei, på spørsmål om vegen over Huglo er på lista over utbyggingsprosjekt i nær framtid. 

– Med informasjon om denne hendinga i bagasjen, vil me ta turen  over Langenuen og sjå på tilhøva. Eg kan lite lova no, anna enn at  det kanskje kan bli eit  prosjekt på tiltakssida, seier Nesse.