Polet tek fire nye år i Fitjar

AS Vinmonopolet er det offisielle og lange namnet, på folkemunne held det med «pole’»,  når ein melder frå kvar ein har tenkt seg.

Og på «pole’» sitt utsal av brennevin, vin og øl i Fitjar, kan ein rekna med å gå på studietur eller gjera innkjøp fram til 2028. Under føresetnad av at  kommunen seier seg samd i fire års lenging av inneverande løyveperioden frå 30.09 2024.  Grunnen til at  AS Vinmonopolet har søkt Fitjar om framhald for utsalet  ved sjø’dn, er at det er kome nytt kommunestyre sidan førre løyve vart gjeve.  Løyvet gjeld for sal av  brennevin, vin og øl med høgare  alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent .