E’ da singla eller strødd?

Her var det singla. Og greitt å gå. (Foto: Steinar Hystad)

– Her har di singla, så her går da an å fota seg trygt, sa ein lett tilårskomen kar som måtte nokre ærend i bysentrum onsdag.  Det er vel så langt den gate- og fortau-glattaste dagen i 2023.  Folk gjekk så forsiktig, så forsiktig og var glade for kvart sandkorn eller kvar singelstein  dei fann å setja foten nedpå. 

Frå praten med den nøgde karen som brukte ordet singla om singelen som var strødd på den tynne is-skorpa, gjekk Stordront vidare og lurte på om me hadde høyrt eit sokalla ny-ord? Eller om det var repetisjon av ei godt gamalt uttrykk for å spreia småstein; Å singla.

(Jo, me har høyrt ordet før, men då i tydinga «at da singla i glasbeta»)