Sparetiltak  – kyrkjene i Stord.

(Foto: Steinar Hystad)

Som mange kjenner til har kommunestyret vedteke eit budsjett for 2024 som inneber krevjande utfordringar for mange i Stord kommune. Budsjettet vil òg få drastiske konsekvensar for kyrkjene i Stord.

Rammetilskotet til Stord kyrkjelege fellesråd er er redusert med 2,1 mill i forhold til innlevert driftsbudsjett for 2024.  Rammetilskotet er dessutan betydeleg redusert i høve til rammetilskotet for 2023.

Dette inneber for fellesrådet eit kutt på mellom ti og tjue prosent, avhengig av kva ein tek ugangspunkt i.

Rammetilskotet frå Stord kommune har i fleire år vore lågt. For 2023 var det ca. 2 mill under kommunar det er naturleg å samanlikna seg med. For 2024 vil denne skilnaden vera endå høgare.

Me har kvart år kutta kostnadar. Dette har medført at me har svært få tilsette i forhold til dei oppgåvene me er sett til å løysa.

Det låge rammetilskotet for 2024 inneber difor at me må gjera drastiske kutt. Diverre vil dette gå ut over brukarane av kyrkja og av gravplassane.

Stord kyrkjelege fellesråd har førebels vedteke følgjande strakstiltak:

Frå 3. januar 2024 vert temperaturen senka til 11 grader i Stord kyrkje og til 18 grader i Nysæter. Dette betyr i praksis at Stord kyrkje vert stengt for publikum. Gudstenester, gravferder, dåp og vigsle vert flytta til Nysæter kyrkje. Konfirmantundervisning og all anna trusopplæring vert flytta til Kyrkjestova og andre høvelege lokale, – i verste fall avlyst.

Kor lenge desse tiltaka skal vara, samt andre sparetiltak, vil fellesrådet ta stilling til i ekstraordinært møte 10. januar.

Trass omfattande sparetiltak må fellesrådet ta i bruk ein stor del av ubunde fond for å få budsjett 2024 til å gå i balanse.

Diverre er det ikkje mogleg å få rammetilskotet frå Stord kommune til å strekka til, trass det lovpålagte ansvaret kommunen har, skissert i §14 i trussamfunnslova.


SAKSINFORMASJON:

I trossamfunnslova frå 2020 står det følgjande

§ 14.Finansiering av Den norske kirke

Kommunen gir tilskudd til kirkens virksomhet lokalt, herunder tilskudd til bygging, vedlikehold og drift av kirkebygg. Tilskuddet skal sikre at kirkebyggene holdes i forsvarlig stand, slik at de kan benyttes til gudstjenester og kirkelige handlinger. Tilskuddet skal også sikre at soknet har tilfredsstillende bemanning ved gudstjenester og kirkelige handlinger, herunder kirketjener, klokker og organist/kantor ved hver kirke, og tilstrekkelig administrativ hjelp. Kommunens tilskudd gis etter budsjettforslag fra soknet. I budsjettforslaget skal også tilskudd til kirkelig undervisning, diakoni og kirkemusikk inngå.

I tillegg har kommunen ansvaret for finansiering av gravplassforvaltninga og gravplassane.