Høgste uvanleg julebesøk

Like skjerr som vanleg, og vippa på stjerten som vanleg, i møtet med Stordront i Evjo torsdag 21. desember 2023..

Stordront.no sin rontomkring-gåande måtte bråstoppa og sjå ekstra godt både tre og fire gonger, då ein liten skapning landa eit par meter unna på flaumvernet inst i Evjo tidleg ettermiddag torsdag. For kva gjer ei einsleg linerle på våre breiddegrader langt uti desember månad?

– Ja, det er all grunn til å reagera på observasjonen. Det er høgst uvanleg  med julebesøk av linerle i landet vårt.  På denne årstida  skal ho vera i varmen kring Middelhavet.  Linerla er insektetar og vil nok ikkje finna føde av det slaget  i våre trakter no. Desse fuglane plar koma attende frå sydenopphaldet først når det lid til april, seier dyr- og fuglekjennar, fotograf og forfattar Jan Rabben.

– Nokon teori om kva som kan ha skjedd i dette tilfellet?

– Det hender fuglar tek feil retning når dei skal på langfyking, kan kanskje vera noko slikt, tipsar Rabben.