Gode gamle juleskikkar…

Frå dei eldste tider har julehelga vore største høgtida i året. I heidentida festa ein for solsnu, etter at landet vart kristna har me halde fest for Jesu fødsel, skriv Ola Høyland i bygdeboka for Stord (1972). Og til jul veit me at mangt skal gjerast, her litt av det «gamle»:

«Jolehelgi tok til då kyrkjeklokkene ringde helgi inn om afta.  Til dess måtte alt førebuingsarbeidet til høgtidi vera unnagjort. Og førebuinga hadde dei halde på med lenge, for det var sumt som krov lang tid. Det skulle alltid bryggjast øl til jul, og det tok to – tre veker frå dei la maltet i blot til dei kunne tappa det kaldt og godt i ølbollen. Grisen skulle slaktast og stellast og det skulle bakast og vaskast.  Før jul måtte karane syta for rikeleg med god opphoggen ved i skuten. Det var ikkje skikkeleg stell på garden om ein høyrde dei maksla med ved so lenge romhelgi vara»

—–

Så held stordront på den gode vane å by på stordske eldre ordtak:

– Da e’ aldri so gale at da  ikkje e’ godt for eitkvart.

– Da ska’ go’ rygg te bera go’e daga.

– Da augo ikkje ser og øyra ikkje høyre’ gjer ikkje hjarta ilt.

– Brent barn skyr elden

– Da er lite lønt å spara på skjelingen og la dalar’n gå

Og nokre døme på ord på veg ut av stor’amålet for 50 år sidan:

Eingjegna = enkel tråd

Einstape = bregne

Elta = kna

Eta = krybba til å gje smaler eller kalvar høy i.

Etla = laga til åt ein kvan.