Ny veg kan ta trafikken frå Ådlandsvegen

Det blir eit fykesvegprosjekt, frå ny rundkøyring i krysset Ådlandsvegen/Tysevegen over Frugardselva til rundkøying i møte med Fv 544 i Sæ.

– Når  Ådlandsvegen blir stengt for gjennomkøyring, blir det aukande trafikk gjennom Borggata og Skrivarvegen (Grisarompo), samstundes ryktast det at det blir eit større VA-gravearbeid frå Turnhallen mot bedehuset. I den samanheng har stordront fått spørsmålet:

– Kvar er det blitt av planane for ny veg frå krysset Ådlandsvegen/Tysevegen, over Frugardselva med utkome på  fylkesvegen i Øvre Sæ.

Planarbeidet var for nokre år sidan kome så langt at stikker var sette ned i lende.?  No har det vore stille lenge – er det noko nytt i saka?

– Den nye vegen med to rundkøyringar  er ein del av områdereguleringsplanen for Frugarden,  som framleis er i prosess og såleis  enno ikkje rettskraftig, opplyser  einingsleiar for RBO i Stord kommune, Elisabeth Gjerde. Og legg til:

–  Grunna motsegner har det vore meklingsmøte, og den  30.11.23 vart det oversendt eit revidert plankart og føresegner. Slik me vurderer det er planforslaget no i tråd med konklusjonane som var i meklinga og det tek vare på forholda det var motsegn mot.