Kjem breiare baderomsdører på sjukehuset  

Breiare dører til baderom/toalett er eit ønskje for avdelingar på Stord Sjukehus. (illfoto)

Styret i Helse Fonna har vedteke stramt  budsjett for 2024, går det fram av ein artikkel på  Helse Fonna si nettside.  Siste avsnittet har med eit godt nyhende for  Stord Sjukehus. Sitat:

«Brukarutvalet har kommentert fleire av punkta der ein ikkje har nådd målet, og understrekar at dei har eit godt samarbeid med administrasjonen, og at dei har tru på at utfordringane føretaket står overfor blir følgt opp. 

 Leiar i brukarutvalet, Grethe Müller, støttar dei tre hovudområda som må prioriterast: Styrkje psykisk helsevern og tverrfagleg rusbehandling, styrkje forsking, innovasjon og kompetanse, og sikre rask tilgang til helsetenester og samanhengande pasientforløp. 

 Brukarutvalet løftar også opp si store bekymring for det å drive sjukehus i dårlege bygg. Særleg gjeld dette sikkerheitsposten på Valen sjukehus og freda bygg på Stord sjukehus. Brukarutvalet la eitt av sine møte i år til Stord sjukehus for å få omvising. Det gjorde stort inntrykk. 

 – Vi er kjende med verneforskriftene som no blir forvalta av Vestland fylkeskommune, og som legg hindringar i vegen for å kunne gjere noko med til dømes smale døropningar, som gjer at pasientar ikkje kan bruke hjelpemiddel inn på toalett og bad. Pasientane er difor særleg utsette for fall, noko som kjem fram i avviksmeldingane. Det er ikkje rimeleg at offentleg vern av sjukehusbygningar skal belaste sjukehuset sin økonomi i den grad det gjer i dag. Vi er også ganske sikre på at bygningsmessige forhold verkar inn på moglegheitene for å rekruttere overlegar i faste stillingar til Stord, skriv Müller. 

Det er lagt inn 1 million kroner i neste års investeringsbudsjett til utviding av dører på Stord sjukehus.»