Juletonar med julegodt attåt

Samarbeidskorpset Huglo/Onarheim – her med Mathilde Nødland som solist. (Foto: Steinar Hystad)

Juletonar med julegodt attåt

Onarheim Musikklag kunne tenkt seg fleire musikantar i rekkjene, same ønskjet hadde korpset på Huglo. Det vart eit klart ja til musikalsk samarbeid over Skjelsviksundet, og  resultatet er blitt svært så velklingande.  Noko ein fullsette gymsal i bygdahuset kunne gleda seg over på julakonserten – med noko attåt – laurdag ettermiddag.  Korpset er leia av dirigent  Nick Hughes

Kvartetten frå Fitjar. (Foto: Steinar Hystad)

Attåt samarbeidskorpset  Huglo/Onarheim var det gilde juletonar å høyra frå ein kvartett frå Fitjar, men hugloven Harald Rydland som kapellmeister på tangentar, Lisa Instefjord Gilje, vokal,  Hans Kobbestad på fele og Heine Helland  på bassgitar.  Og jodå, versjonen av «eit barn er rødd i Betleheim» i ny og kvikk versjon, slo ann.

Men det var endå meir attåt på denne konserten: Det var avsett god tid til maktøkt, med kaffi og høvande drikke til borna, og eit bugnande  kakebord med heimebakt julegodt. Gilde timar med senka skuldre, rett og slett.

Søndag  heldt samarbeidskorpset konsert  i Onarheim kulturkyrkje, saman med Tysnes Kammerkor.

Julekonsert med noko attåt – betyr på Huglo også noko på fat og i kopp og tid til prat. (Foto: Steinar Hystad)