Fekk hjelp frå Kristtornbyen

Bukettane i kassen kjem frå Stord. (Foto: Steinar Hystad)

Når ein er generelt småleg forviten og lett spesielt oppteken av kristtorn, sidan ein har bustad i Kristtornbyen Stord, var det berre rett og rimeleg å stilla spørsmål til julepyntseljane i Bergen.  Han har sin faste plass i søre enden av Vetla Lungårdsvatnet, ved sida av undergangen mot  Bystasjonen, og hadde kristtornbuntar å by på.  I år er det godt gjort, sidan svoltne trastefuglar har snaua trea stort sett alle stader.  

– Kor har du fått tak i  kristtorn med raude fine bær, lydde spørsmålet frå stordabuen.

– Eg kjem frå Askøy og der plar me ha nok kristtorn å ta av. Berre ikkje i år, så for ikkje å skuffa den lange rekkja av faste kjøparar her i Bergen, spurde eg med føre hjå ein kristton-kjennar på Stord og han klarte ordna eit lite tal bukettar.  Eg er mykje takksam for hjelpa, sa askøykaren.