Rustutsett i skvalpesona

Resultat av luft og salt sjø si herjing med kraftig kjetting. (Foto: Steinar Hystad)

Jamt blir kjettingar og tauverk  og koplingar mellom desse i  småbåthamner sjekka – og det trengst.  Lett skremmande døme på kva luft og sjø jobbar med, kom på tørr grunn då eit par av dei kommunale flytebryggene innom Moloen på Leirvik nyleg vart undersøkte med rov-farty.  Øvste lekkane av kjettingen, dei som  heng i skvalpesona, er utsette for vekselvis salt og luft i takt med rørsler i flytekaien og  blir utsette for oksydering. Nokre var rusta tvert av. Nye deler i galvanisert  utføring er kome på plass.