Nytt advent-dikt frå Stokken

Åge Stokken (Foto: Steinar Hystad)

Tradisjonen tru når lysa vert tende på julegrana i Sagvåg, byr Åge Stokken på nytt dikt med gode tankar for tida me går inn i. Denne laurdagen på oppdrag annan stad, men med Reidar Ådnanes som «stand in» som opplesar. Gunnar Ingebrigtsen las juleevangeliet.

Det var helsing frå ordføraren, gilde tonar frå Sagvåg skulekorps – og godt med folk som det plar vera til dette arrangementet.

Me ska leva så kort

Hold åpent dør, sinn, armer og hjerte
Gi trygghet og varme til dei som føler smerte
Smerte av krig og avmakt for tap av liv og kjære
Savnet av dei…. me holdt så nære

Kjemp for eit samfunn og det og leva eit liv i lag
Med troa på at i morgon blir ein gode dag
At me kan våkne og veit at me står sammen her
Alle har mat… alle har klær

Eit lys i mørket gir alltid håp
I vår døyande dag, frå vår gudelige dåp
Lat oss håpe på fred og at grenser aldri vil stenge
For som han skreiv Ingvar Moe;
Me ska leva så kort og vara daue… så skrekkjele… lenge