Gøy å sjå smeden forma glovarmt jarn

Martin Aarvik smidde mange omnskrokar. (Foto: Steinar Hystad)

Ein skal smi medan jarnet er varmt, blir det sagt. Laurdag viste Martin Aarvik sanninga i ordtaket då han fyrte opp essa i smia i Sunnhordlandstunet og smidde omnskrokar. Eit verkty til å rota i peisen eller omnen med. Når stålet er glødande varmt let det seg vri og bøya, og nokre av borna som fekk sjå smeden i arbeid blei så fasinerte at dei vart invitert inn i smia for å prøva seg ved ambolten. Og mange var dei som gjekk heim frå «Jul på museet» med nysmidd reiskap til halda ekstra god fyr i peisen gjennom vinteren.

Ein solid snødett i morgontimane gjorde museumstunet  skikkeleg «julitte» denne dagen, og om ein kjende litevetta kulde på beina var det berre å trekkja i hus. I Ådlandsstova var det eventyr å høyra, i Stolmastovo var det spikkeverkstad. I Futastovo var det flatbrødbaking med smaksprøvar og julepyntverkstad, frå eldhuset lukta det nysteikte lappar. I Hatlandsløa var det kurs i kransabitting i eine enden og møte med  fjøsnissen og flokken hans i den andre. På bakken utfor var det varm gløgg å få  frå Sogelaget.  Krambua (frå Mehammar) var sjølvsagt open med sal av knask, og inne i hovudbygget var det fleire stasjonar der kreative unge kunne laga julegåver og pynt  med god assistanse frå Stord Husflidslag og Ung husflid.

Gjennom denne typen arrangement er det gode grunnar til å tru at venekrinsen rundt  Sunnhordlandstunet veks. 250 løyste billett til «Jul på museet», opplyser  publikumsansvarleg, Hege Larssen, til stordront.no.

Det var spikka mange smørknivar i Stolmastovo, etter tips og råd frå Charlotte Tvedte frå Sunnhordland Museum. (Foto: Steinar Hystad)