Meir enn nok til ein stødig snømann

Fin var han og blå nase hadde han. (Foto: Steinar Hystad)

Ikkje dei kraftigaste og tettaste byene, og det var vel også grunnen til at det tok  «leverandøren» ein heil laurdagsføremiddag å få snøen frå seg.  Når det leid til lunsjtid var det kome nok til både aking (skreining som me sa før i tida) og til snømannsforming. «Vår» utgåve stilte til fotografering på eit av venteborda på Ventekaien på Leirvik. Om han venta på båt eller buss, fekk me ikkje svar på.