Arbeidsløysa held seg stabilt låg

I november registrerer NAV 0,9 prosent av arbeidsstyrken heilt ledig i Sunnhordland. Det er ein nedgang på ti personar i høve oktober månad og 16 færre enn same månad i fjor.

– Arbeidsløysa i Sunnhordland held seg stabilt låg. Me registrerer at bygg- og annleggsnæringa melder om lågare aktivitet. Likevel ser me ikkje enda dei store utslaga i statistikken. Me følger likevel nøye med på eventuelle utviklingar, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Det er i november registrert ein tilgang på totalt 267 ledige stillingar i regionen. Dette er om lag 10 stillingar per verkedag.

– Me registrerer at tilgangen på stillingar dempar seg noko mot situasjonen i fjor og tidlegare i år. Då var den vel å merke rekordstor, seier Håvard Lægreid

Ny undersøkelse: Sunnhordlendingen er nøgd med NAV 
Sidan 2008 har NAV gjennomført årlege undersøkingar blant personane som tek tenestene til NAV i bruk. Årets undersøking er gjennomført i perioden mai-juni.

Velnøya med NAV held seg stabilt høg og særleg i Sunnhordland melder ein om høg tilfredsheit.

– Me registrerer tala med ein viss stolthet i at jobben me gjer fører til gode møte med dei som treng vere i dialog med oss, og at tilfredsheiten er høg. Me ønskjer alltid å verte enda betre, og jobbar aktivt mot dette, seier Lægreid

Lågast i Stord og Sveio kommune
I Sunnhordland er det i november lågast arbeidsløyse i Stord og Sveio kommune (begge 0,7 %). Snittet for heile Sunnhordland er på 0,9 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (1,6 %)og landet (1,8 %).