Vil kåra beste krumkaka på øya!

Kven lagar beste krumkaka på Stord?

Bodil Nordjore, heile Noreg si statsbudeie, kjem til Stord og Nysæter bibliotek torsdag 30. november  (kl. 1800) for å fortelja om  norsk julemat i eit historisk perspektiv. Inkludert  i billetten blir det servert  smaksprøvar av tradisjonsmat frå Hogste gard, og Stord bygdekvinnelag stiller med  julebakst til kaffien. Så blir det ei spennande  julekaketevling, går det fram av invitasjonen:

«Fleire hugsar nok sist Nordjore var her og snakka om Lefseboka si og me kåra Stord si beste lefse. Det var skikkeleg stas. I år har me difor  tenkt å ha ei uhøgtidleg kåring av Stord si beste krumklake. Dei som ønskjer delta i konkurransen leverer inn smaksprøvar av krumkakene når dei kjem».

Stord Mållag, Stord bygdekvinnelag og Nysæter bibliotek ønskjer vel møtt til ein triveleg kveld i godt lag.