«Plateau de pip-pip»

Den nye serveringsstaden er godt motteken.

Når kaffikoppen er blitt gamal og sliten og det same gjeld for asjetten/tefatet, kan desse delene av dekketyet flyttast over i ny gjenbruksvenleg  serveringsfunksjon. Utandørs. Og gjerne hengt på ei grein i eit tre du har utsikt til frå godstolen i stova.  Men først må koppen i liggjande posisjon limast til asjetten slik at meis og sporv får ein trygg platting å stå på når han skal  nebba i seg godsakene i porselenet. «Plateau de pip-pip» er namnet – og kjøpstad kan vera på ei av julemessene.