Kjem med avbøtande tiltak her

Gangvegen blir liggjande mellombels – ny gangveg kjem bak nyeskulen. (Foto: Steinar Hystad)

Vegmynde i Stord kommune, Anne Randi Naurstad, svarar fyldig og godt på spørsmål ho nyleg fekk om den bratte avsluttinga på mellombels gangveg forbi vidaregåande og trafostasjonen på Vabakkjen. Ein innbyggjar fryktar for at noko alvorleg kan skje i nedstiginga mot fortau/fylkesveg. Dette svarar  Naurstad:

–  «Gangvegen er mellombels og ligg oppå ein høgspenttrase og det er soleis ikkje mogleg å justere på stigningsforhold. Dette skulle ikkje vere ein sykkelveg, men berre ein gangveg/snarveg inntil den nye gang- og sykkelveg vart ferdig bygd. Vegavdelinga vil så snart dei har kapasitet legge eit lass med jord/jordvoll i svingen før saksebommen, som avbøtande tiltak i tilfelle nokon køyrer ut. Den nye g/s vegen kjem på baksida av nye Stord Vidaregåande.»