Sorenskrivargarden har høg verneverdi

Sorenskrivargarden på Stord er valt til representant for verneverdige statseigedomar. (Foto: Steinar Hystad)

Det blir for tida utført innvendige oppgraderingsarbeid  på bygningane  i Sorenskrivargarden på «toppen» av Leirvik.

I den samanheng har kulturetaten i Stord gjeve uttale i saka, der heile historikken er teken med. Stordront.no har fått grønt lys for å sitera:

«Heile anlegget er omfatta av landsverneplanen for justissektoren. Planen er mellom anna ein oversikt over statlege verneverdige eigedomar og sorenskrivargarden på Stord er vald ut som representant for dei mange sorenskrivargardane som staten fekk bygd rundt år 1900.

Omfanget av vernet er som følgjer: Eksteriør: Bygningen som i dag inneheld sorenskrivarbustaden (mot søraust) og kontor(sørvest). Interiør: Bustaddelen med opphavleg rom/delar av planløysinga og opphavlege overflater og element. Vernet omfattar og den eksponerte, representative delen av hagen, avgrensa av Vidsteensvegen, Skrivarvegen og sørveggen til sorenskrivargarden.

Historikk
Om lag samstundes med at det vart bygt fengsel og rettsbygning i Leirvik, kjøpte staten Kårevik til sorenskrivargard. Men i 1912 vart det vedteke at også sorenskrivaren skulle halda til på Leirvik. Kårevik vart seld, og staten kjøpte eigedommen til sakførar Jørgen Grundtvig Olsen, like nord for fengselet, til sorenskrivarkontor. I 1913 overtok sorenskrivarane bygget frå 1862. Huset vart kjøpt ved kgl. resolusjon i 1914. Det vart då bygd totalt om, slik at det i dag framstår som eit typisk  embetsmannsbygg i empireinspirert stil, med tilhøyrande hageanlegg, frå tida rundt hundreårskiftet 18-1900. I 1987 vart det ført opp eit nybygg med rettssalar og arkiv, knytt saman med hovudbygget med ein glaskorridor. I 1997 vart hovudhuset restaurert, då kom den opphavelege verandaen på plass igjen. Fengselet og rettsbygningen på Leirvik var dominerande landemerke då dei sto ferdige i 1863-64, og dei var med på å gjera Leirvik til ein småby. Det at det et var fengsel og rettslokale her er kanskje grunnen til at fleire sakførarar slo seg ned på Leirvik og at sorenskrivaren etter kvart vart flytta. Den offentlege utbygginga var med på å gjera Leirvik til eit sentrum også for handel og tenesteyting.»

Kulturrådgjevar Ragnhild Tveit rundar av uttalen med å skriva at kulturetaten ikkje har merknader til endringar som skal gjerast.

Sorenskrivargarden sett frå nord. (Foto: Steinar Hystad)