Skal jobba for betre skuleruter

Ungdomsrådet jobbar for betre skuleruter. (Ill. foto: Steinar Hystad)

Det nye Ungdomsrådet i Stord har hatt sitt første møte, med val av  Victoria Larsen som leiar og Gabriela Angelova som nestleiar.

Av møteprotokollen går det fram at ungdomsrådet ikkje er fullnøgd med bussrutene.  I vedtaket er det forma såleis:   

– Rådet vil framleis jobba for betre bussruter, og då spesielt med å få betre korrespondanse når det gjeld skulerutene. For dei som no går på Heiane (vidaregåande)   er det dårleg med bussruter, og ofte må elevane gå tidligare frå skulen for å rekke rett buss. Dette vil leiaren skriva eit brev til skyss om, på vegner av ungdomsrådet.