Leiar Eldrerådet vidare

Duoen Tove Dypå Lunde og Nils Tore Gram Økland, leiar Stord Eldreråd i valperioden 2023-2027 (Foto: Steinar Hystad)

Gjensidig respekt var hjarteleg til stades då «nye» Stord Eldreråd valte  leiarskap på sitt første møte etter valet.  Der gjorde leiar sist periode, Tove Dypå Lunde framlegg om at nesteleiar Nils Tore Gram Økland kunne over  leiarvervet neste fire år.  Nestleiar  Økland, meinte derimot at Dypå Lunde burde halda fram i vervet – og slik vart det. Med seg i rådet har dei Rune Jørgensen, Inger Johanne Moe og Magne Heimvik.

Stord Eldreråd finn fleire tilhøve i framlegget kommunebudsjett 2024 urovekkjande :

«Forventa auke i talet på eldre over 70 og 80 år; mangel på faste og korttids sjukeheimsplassar; stort behov for og omfang av heimetenester; forventa auke i forekomst av aldersrelaterte sjukdommar og plager. Ut frå mellom anna dette vil eldrerådet tilrå å byggja ny sjukeheim innan 2026 som også gir rom for korttidsplassar og tenlege rom for utskrivne sjukehuspasientar.

Rehabiliteringstenestene må haldast oppe. Rådet støttar kommunedirektøren sitt syn på at førebyggjande tiltak er billegast og gir best velferd på sikt», lyd det innleiingsvis i ein lengre uttale.