Julepynta i Osen også

Fint julepynta langs Osen. (Foto: Steinar Hystad)

Onsdag 15. november -23 på morgonkvisten, hentar stordront.no  fram plussprotokollen for innføring av hyggjeleg nyhende innan julepynt i det offentlege rom i byen vår. I år har også tuntrea  i Osen fått lyssetting –  noko me ikkje kan minnast å ha sett før.  Fint gjort, til-liks med lys  langs Torgbakken og over Borggata. Komande laurdag ettermiddag blir det tradisjonell  tenning av juletre og julegata og i den samanheng  fakkeltog frå  Amfi Senter til Rådhuset. Frelsesarmeen sel faklar.