Blir det snart ordna?

Har stått lenge no, desse kjeglene på det skeive kumloket. (Foto: Steinar Hystad)

Mot toppen av Kjøtteinsbakken (bakken frå Amfi mot Almås Hotell) står der eit par  varselkjegler som ber  køyrande trafikk syna ekstra varsemd. Kjeglene er plasserte  der det er eit søkk ned mot eit firkanta lok som ligg farleg skeivt. Alt greitt  sett frå  HMS-vinkel, med andre ord.  Men sidan kjeglene har stått veldig lenge allereie, og det går mot fare for snø og glatt, lurer brukarar av den kommunale vegen på kva tid ting skal bli ordna.  Kanskje er det snart føreståande?