Misjonsmessa gav stordabuen smaken på kinamat

Brita Nilssen og Kristbjørg Solsvik serverte mange porsjonar kinamat også på årets julemesse for Misjonssambandet. (Foto: Steinar Hystad)

I vel 60 år har servering av kinamat vore like fast innslag som  loddsal på Misjonssambandet si julemesse i Leirvik Bedehus.  Såleis er det grunn for å påstå at mange stordabuar har fått sitt første møte med, og smaken på godsaker frå det kinesiske kjøken,  nettopp i  bedehuset ved  Frugardsbrua. Meirsmaken frå messa kan jo ha sin medverknad til at  folk på Stord for tida har tre kina-restaurantar å velja  mellom.

– Oppskrifta me følgjer hadde lokale misjonerar med heim frå Kina.  Litt kraftige i smaken, men godt motteken av mange faste «kundar».  Utselt kvart på kvar messe, fortel  Brita Nilsen.  Laurdag var ho ein av dei som passa grytene på Misjonssambandet si årlege julemesse.  Der var det godt frammøte og rikt høve til å gjera god handel,  følgja spent med på tekking av årar, høyra gild song frå Stord Soul Kids og andakt ved Aud Nortunn Myklebust.

Det vart snart fullsett i bedehuset då Julemessa opna laurdag føremiddag. Søndag ettermiddag var det fest i samband med 40 års drift i nye Leirvik bedehus. (Foto: Steinar Hystad)