Blømande i november

Kvit blom i november – er sjeldan rododendronkost. (Foto: Steinar Hystad)

Det  normalt vanlege er at rododendronen står i blomeprakt  på vårparten eller første del av sommaren. Av den grunn vart me stirrande litt ekstra ved passering Amfi-senteret  på føremiddagstid tysdag 7. november 2023.

Langs fortauet like nedfor Baker Brun står ein velvaksen rododendron og mellom dei tusenvis grøne blad, pynta ein kvit blom fint opp. Det kan vera han er lokka fram av mildt vèr, for det normale er at den populære prydplanten kjem med knop på denne årtida, for å vera klar til å gleda oss med gilde fargar når våren igjen kjem på gjesting.