Atle Hansen lanserer sin nye roman ”-Eg er Valmond Komb”.

Samtalar om boka med forleggjar Otto Ersland, Kapabel forlag. I samband med lanseringa serverer Åtgaum ein av Atle Hansen sine livrettar, fleskasos med steikt pølse, ein rett som høver godt til innhaldet i boka. Servering frå kl 17.00. Bokprat kl 18.00

Valmond vert fødd på den vesle øya Komb, men veks opp i Byen, saman med mora. Han lever eit liv som anonym kontorist bak ei anonym dør i enden av korridoren i Det store huset midt i Byen.

Valmond er budd på å leva heile livet i einsemd, men slik går det ikkje.

«- Eg er Valmond Komb» er ein roman om einsemd, forelsking og svik, om nett-troll og farlege tankar, om flukt og om å venda heim.

Atle Hansen er forfattar, visesongar, låtskrivar og journalist. Busett på Stord. Som ofte i Hansen sine romanar hentar denne forteljinga handling frå ei oppdikta øy ein stad vest mot havet.

Dette er Hansens 26. bok