Sjå Fitjar frå Tveitaslottet

Utsikten frå Tveitaslottet rekk like til havs. (Foto: Steinar Hystad)

Etter framifrå godt framlegg frå Toralf Røen, vedtok Fitjar kommunestyre å plassera dagsturhytta i Tveitamarkjo, cirka halvtimen å gå frå parkeringsplassen på Dalshaugane. Når stordront.no informerer kultursjefen i kommunen, Bente Bjelland, at det er kome godt over 1000 namn i gjestebok så langt i år, er det ei gledesrøyst som svarar:

– Kor flott, og me kan ganske sikkert fastslå at gjestetalet er noko høgare, for det er ikkje alle som skriv seg i manntalet.  Denne hytta er nemleg så lurt plassert at ho blir ein innfallsport til deler av Fitjarfjellet. Ros skal turlaget har for godt tilsyn og mykje dugnad med både vegen fram og tilsynet med hytta og «vetlahuset».

Det blei godt engasjement i bygda då kulturetaten bad om forslag til namn på dagsturhytta. Og når Tveitaslottet vart vinnarnamn, døypte  Stord si hytte på Utslettefjellet – Utsletteslottet. Dagsturhyttene er ei slags «medgift» etter samanslåing av  Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland fylke. Målet er eit slikt tilbod i kvart herad.

Eit kriterium for tomteval, er at turen frå parkeringsplass til hytte skulle kunn gåast på  ca 25 minutt,  for ein barnefamilie.  Det går greitt til Tveiteslottet. Og sjølv om bygningen med flott  snikra terrasse rundt ikkje ligg høgt i lendet, byr anlegget på utruleg flott utsyn over grøne marker – lika til havs.

Dagsturhytta Tveitaslottet på ein klar haustdag. (Foto: Steinar Hystad)