Himmeljazz på Stord Hotell

Trygve Seim og Frode Haltli spelar på himmeltaket til Stord Hotell. (Foto: Knut Bry)

Falturiltu og Stord Jazzklubb inviterer til unike tonar på himmeltaket til Stord Hotell!

Trygve Seim og Frode Haltli gav i 2008 ut albumet ‘Yeraz’ på det tyske plateselskapet ECM. Utgjevinga var startskotet til eit framifrå musikalsk samarbeid og albumet fekk glitrande omtalar både i Noreg og i utlandet. På nyrået kjem dei med eit flunkande nytt duoalbum spelt inn i München med legendariske Manfred Eicher som produsent, så publikum kan venta seg ein føresmak på nye låtar.

Duoen Seim/Haltli har turnet på fleire store jazzfestivalar, mellom anna i USA, Nederland, Tyskland, Frankrike, Sveits, Østerrike og Storbritannia.

Trygve og Frode har òg stått for musikken til barneframsyninga «La casa dei divieti» av Dario Moretti, og var sentrale aktørar i Olav H. Hauge-framsyninga «Ein tanke slo meg her om dagen» på Litteraturhuset i Oslo.

Trygve Seim: Saksofonar
Frode Haltli: Trekkspel