Til Tysnesfest 2024: Noregs beste liveband?

DDE kjem til Tysnesfest neste år (Foto: Line Berre)

Energibuntane frå Trøndelag har ein katalog av kjente og kjære hit-låter som mange kan misunne dei. 30 år på turne er eit synleg prov på akkurat det. Og fansen veit å sette pris på D.D.E. live, få band klarar å trekke så mange publikum gjennom heile året som D..D.E.
 
Tysnesfest-publikummet kan berre gle seg til eit av Norges råaste live-show til sommaren 2024.

Sitat festivalsjef Øystein Vaage:

– Me er så glad for å sikre oss D.D.E. til neste års festival, seier Øystein Vaage. Dette er eit band som har fulgt oss lenge, og me veit at Tysnesfest-publikummet elskar dei. Når du bookar D.D.E. så kan du garantere ein utruleg bra konsert med allsang-garanti.