Ville sikra seg mot flonsa og korona

I ventekø  for vaksine mot flonsa og korona. (Foto: Steinar Hystad)

– Eg tenkje eg teke begge!.  Det var svaret mange av dei som stakk innom storehallen på Vikahaugane torsdag  svarte på helsesøster sitt spørsmål kva vaksine som var ønskjeleg.  Og begge, det var vaksine mot influensa og oppattfrisking av motstanden mot korona.  Sistnemnde var gratis, flonsevaksinen kostar 200 kroner.  Torsdag og fredag er avsett til dette lokale  «helseløftet»

Stordabuen tok godt imot  vaksinetilbodet frå kommunen.  Halvtimen etter dørene vart opna var køen lang, og etter ein time hadde 200 fått nummerlappen som sende dei  vidare til venting på stol. Etter stikket/stikka frå venlege  helsesøstrer, venta  eit besøk ved betalingsterminal og 20  obligatoriske venteminuttar for å sjekka moglege reaksjonar.

Men så, kunne ein forlata arenaen og sjå fram til ein frisk vinter.