Vikjo hadde også tesalong

Tesalong-bygget  stod  der monumentet i Borggarden står i dag, BP-stasjonen måtte vika då Sævegen vart lagt på vestsida av Rådhuset. (Foto: Tor Resser)

For stordabuar komne i eldste klasse junior kan det bli reint og godt nostalgisk å vandra i Haraldsgata i Haugesund. Over  inngangsdøra til  Haugeli sitt konditori heng lyssette bokstavar som inviterer til TESALONG. Nokre minutt svingar håtten attende til tidleg 60-tal på Vikjo og vår eigen TESALONG i bygget som stod  nokså nøyaktig der industriarbeidarmonumentet i no står i Borggarden, rett utom  kommunestyresalen. Ein populær kafè, med sal og servering av alt som var godt. 17. mai strakte iskøen seg ut dørane.

Tesalong-bygget vart rive på ettervinteren 1965 (Foto: Tor Resser)

Ryktet går om at det var framom disken i «salongen» ein tilreisande kom med ei sidan kjend ordrekkje: – Han peikte mot eit rundstrykkje med fint pålegg og sa: Ja, so må eg få ei sori me sorit på.

Då huset med TESALONG-skiltet vart rive på ettervinteren 1965, hadde det historie som skreiv seg attende til Baard Haugland sine arbeidsår på Stord. Han dreiv handel i bygget som var sentralt plassert i dåverande kryss mot Litlabø.  Kafè-søkande på Vikjo fekk  ny TESALONG å besøka  i andre høgde i Skohuset frå midt på 1970-talet.  Men no må ein altså til nabobyen i sør for ei slik oppleving.

Lyssette bokstavar i Haugesund – med mimreeffekt på stordabuar i klassen eldre junior. (Foto: Steinar Hystad)