Kanskje satsa på solceller?

Slik kunne døra lyst gjennom heile døgeret. (Foto: Steinar Hystad)

Det går mot meir mørke store deler av døgeret enno eit par månader, og dermed blir det færre timar fastbuande godtfolk og andre tilreisande kan sjå Storddøra på Moloen. I alle fall så lenge det ikkje  kjem lys på installasjonen.

Frå ein av mange som har  døra som rundingsbøye for  lufteturen, kjem det tips til «dei som har noko med det»: – om at kanskje ein kan gjera seg nytte av solceller  for få fart på lyssettinga?

– Fekk ideen då låg ettermiddagssol frå Fjelbergøyane nyleg slo inn i metallet, tipsar tipsaren.