60 påmelde til ALLEME seminar

Torsdag arrangerer ALLEME, som er eit samarbeid mellom Solid, Stord og Trott, eit seminar i Hustrudalen. Seminaret har dei kalla «Den gode trenaren» og heile 60 trenarar og lagleiarar frå dei tre klubbane er påmeldt.

Dei påmelde vil få ei praktisk treningsrettleiingsøkt med Håkon Grøttland og Daniel Andreassen som er spelarutviklarar i høvesvis NFF og NFF Hordaland. Målet med den praktiske økta er å gi deltakarane rettleiing, inspirasjon, tips og råd.

Etter endt økt vert det seminar i Solidhuset. Treningsleiing og sportsleg utvikling vert teken opp saman med andre viktige tema som lagbygging, kultur, miljø, samhald, tryggleik og trivnad.

I tillegg til Grøttland og Andreassen vil Elise Barsnes, spelarutviklar i NFF Hordaland, og Karl Petter Løken, generalsekretær i NFF, bidra med innlegg under seminaret,