Spesiell fangst 3: Lang ål i kort teine

Havålen før han tok nokre kraftkrøll og drog til sjøs igjen. (Foto: Privat)

Jo, du kvekk nokre hopp og dansesteg når teina vert dregen opp, sett på betongkaien og du brått oppdagar at det svarte som ligg som ein S inni der brått byrjar lea seg. Du ser ein eit hovud og ein slags hale, og når du opnar teina kappast ein krabbe og det som skal visa seg å vera ein kraftplugg av ein havål, om vegen ut i det fri. Og deretter ut til fridom i hamnebassenget på Nordhuglo for dei begge.

Når straksinntrykka etter den forsiktige skrekkopplevinga har lagt seg, måtte målbandet fram for å få fakta i saka. Teina har dei strategiske måla; – 62 centi lang og 44 centi brei. Havålen målt til  140 centi lang. Han må jammen ha vore  smidig, laus og ledig i kroppen for å ha kome seg inn i teina, der eimen av nokre dagar gamalt makrellavskjer var det som lokka.