Mest besøkte asfaltholet?

Nokre tusen bilhjul er nedi her dagleg. (Foto: Steinar Hystad)

Ein slags uskriven regel, dette at: «Har det først laga seg til eit hol i vegbanen, har du det for ei stund – sjølv om det blir ifylt»  Ei trasig døme i så måte er holet som har laga seg til i overgangen Vikbrekko/Hamnegata. Ikkje så lenge sidan  asfalt vart fylt i, men no er det igjen godt merkbar dump når bilane rullar over. Og dei er mange per dag, all trafikk inn mot handelssenter, kulturhus, kaiområde  – ja, heile sentrum må gjennom dette krysset. Truleg ser du her det mest besøkte asfaltholet i kommunen?